John Olav Lefdal og Lefdal Invest sponsar Stryn, Hornindal og Eid kommunar med til saman 20 hjartestartarar.

10 av hjartestartarane skal lokaliserast i Stryn kommune og Hornindal kommune.

- Røde Kors-laga i Stryn, Olden, Vikane og Hornindal vil plassere ut hjartestartarane der dei finn det mest tenleg, seier John Olav Lefdal til Fjordingen. Røde Kors vil også sørge for vedlikehald og opplæring.

Også mob-båtar

I tillegg vil cruisebåthamnene i Olden og på Eid få ein mob-båt kvar som Røde Kors kan bruke til fri disposisjon.

Mob-båtane (mann-over-bord-båt), som også er utstyrt med hjartestartarar og alt av nødvendig førstehjelpsutstyr, er det Nordfjord Serviceterminal som har kjøpt, og Røde Kors vil ha fri tilgang til båtane heile døgnet.

- Olden og Eid skal ha dei sikraste og tryggaste cruisebåthamnene i landet, og dette vil bidra til den sikkerheita, seier Lefdal som er oppteken av det livreddande arbeidet.

- Ei sjenerøs gåve som vi er veldig glade for, seier Per Eilert Ommedal i Stryn Røde Kors.

- Årets første cruiseskip kjem til Olden søndag, og den nye mob-båten vil allereie vere på plass då, avsluttar Lefdal.