Nordfjord cup i handball går over to helgar, og først ut er dei yngste i aldersgruppa 9–11 år. Laurdag føremiddag var det kampar på løpande band i Strynehallen, og stemninga var slik den skal vere når det er cup, nemleg god.

– Laga spelar aktivitetsserie der alle blir premierte, seier leiar i Stryn handball, Eli Kroken. Alt var klart til å ta i mot laga då cupen starta fredag ettermiddag.

Mange lag

Av dei 80 påmelde laga stiller arrangøren Stryn med heile 11 lag. Vikane stiller også eitt lag.

Elles stiller desse klubbane: Bergsøy, Blindheim, Fiskerstrand, Fron, Førde, Haram, Haugen, Haugen/Eid, Hødd, Jølster, Kvam, Langevåg, Molde, Otta, Skjåk, Skodje, Sykkylven, Volda og Ørsta.