Regjeringa føreslår fleire endringar i både konsesjonslova, odelslova og jordlova. Samtidig ber Bondelaget Stortinget om å setje foten ned.

Fredag fremja regjeringa dei nye forslaga for Stortinget, som mellom anna inneber at arealgrensene for konsesjonsplikt, lovbestemt buplikt og odel blir heva frå 25 til 35 dekar fulldyrka og overflatedyrka jord. Endringsforslaga omfattar også mellom anna ei endring av reglane om priskontroll og ei forenkling av vilkåra for å oppfylle driveplikt ved utleige.

– Lovverket vil med desse framlegga leggje betre til rette for ein rasjonell eigedoms- og bruksstruktur og betre samsvar mellom eigar og brukar. Eigarane får med dette auka valfridom til å utvikle landbrukseiningane sine sjølve, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale i ein kommentar til forslaga frå regjeringa.

I forslaget er det gjort fleire endringar samanlikna med forslaga som blei sende ut på høyring. Generalsekretæren i Norges Bondelag, Per Skorge, har tidlegare uttalt til Nationen at dei opphavlege forslaga er eit takk og farvel til familiejordbruket og den sjølveigande bonden, og kravd at Stortinget stoppar desse.

(©NPK)