Sjølv om Vikane sitt 11-årslag i handball ikkje akkurat har den lengste reisevegen til Nordfjord cup så var det aldri tvil om at dei skulle køyre "full pakke" når dei først skulle på cup. Noko som inneber mykje moro, overnatting på skule og sjølvsagt diskotek.

Laurdag spelte jentene sin første kamp i turneringa, og motstandar Fiskerstrand hadde lite å stille opp med mot eit godt Vikanelag. Solid forsvarsspel og godt angrepsspel med innøvde trekk gjorde at Vikane til slutt vann 12-2.

- Jentene har vunne alle kampane i serien minus ein, seier Irene Hilde, som saman med Unni Verlo trenar laget.

- Kjekt å møte lag ein ikkje spelar mot til vanleg, det gjer at det blir litt ekstra spenning, seier Irene Hilde.

- Det er kjempekjekt på cup, sa jentene i minutta før kampen mot Fiskerstrand.

- Vi kom laurdag og skal også overnatte på skule. Og vi skal sjølvsagt på diskotek på kvelden, fortalde jentene før dei måtte ut på bana.