Regjeringa vil gi politiet og kriminalomsorga utvida tilgang til opplysningar om sosialhjelpsmottakarar, og foreslår å endre sosialtenestelova.

– Dei strenge teiepliktreglane for sosialtenesta skal ikkje lenger føre til at personar kan skjule seg for politiet og kriminalomsorga, seier arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H).

Heilt konkret blir det foreslått at kommunen skal få høve til å utlevere kontaktopplysningar til sosialhjelpsmottakarar. Opplysningane kan utleverast etter førespurnad frå politiet og kriminalomsorga.

– Sosialtenesteområdet er det siste sikkerheitsnettet for personar i vanskelege livssituasjonar, men også på dette området må omsynet til samfunnsbehova for kriminalitetsvern vege tungt, seier Hauglie.

(©NPK)