Nordfjord Havn IKS tok nøklar og adgangskort frå selskapet som har drive servicetenester for cruiseskip i Olden i 25 år. Dette set retten ein stoppar for.

Det er full strid ved cruisehamna i Olden. Striden står mellom det interkommunale hamneselskapet Nordfjord Havn IKS og Nordfjord Service Terminal AS, som er eigd av forretningsmannen John Olav Lefdal.

Med i konflikten er også European Cruise Service AS, som er agent for ei rekkje cruisereiarlag og som formidlar servicetenester i samband med anløp langs norskekysten. Dette selskapet ønskjer å nytte det Lefdal-eigde selskapet til å utføre tenester.

Må betale sakskostnadene

Fjordane tingrett gir no hamneselskapet pålegg om å gi nøklane tilbake, slik at Nordfjord Service Terminal kan utføre tenester til cruiseskip.

Nordfjord Havn IKS må også tåle at European Cruise Service nyttar den leverandøren dei har engasjert til å utføre tenestene, nemleg selskapet som har vore på hamna i 25 år.

Det interkommunale hamneselskapet må også betale sakskostnader på 148.000 kroner for dei to selskapa som har gått til sak.

Nordfjord Hamn grunngir utestenginga med at dei ønskjer å utføre tenestene sjølv, men saksøkjar meiner dette bryt med prinsippet om offentleg tilgjengelege hamner.

Vil hindre tap og nedlegging

Lefdal har gått til Fjordane tingrett for å få mellombels avklaring inntil tvisten kan bli endeleg avgjort i rettssystemet. Og Fjordane tingrett har så langt gitt Lefdal medhald.

Retten tek ikkje stilling til hovudkravet, men sidan det første cruiseanløpet i år var 23. april, var det nødvendig å få til ei mellombels ordning for å avverge vesentleg skade eller ulempe.

Om serviseselskapet blir utestengt, vil det mest sannsynleg føre til tap av omsetning og arbeidsplassar. Innstilling av verksemd vil vere til skade for kunderelasjonar til cruiseagentane. Retten ser heller ikkje bort frå at selskapet kan få erstatningskrav. Ein meiner også det er fare for at verksemda ikkje kan takast opp igjen, sjølv om selskapet skulle vinne fram i ei seinare behandling av kravet.

Saksøkjarane har fått frist til 30. juni til å reise søksmål om kravet.