Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) besøkte tysdag føremiddag omsorgssenteret i Stryn.

På sitt tre kvarter lange besøk fekk ministeren omvising i det nye bygget samt ei orientering om tenester og aktivitetar ved omsorgssenteret.

- Eg ser at det blir utført mykje bra utviklingsarbeid ved omsorgssenteret. Det frivillige arbeidet som blir lagt ned ved senteret er også særs viktig. Fokuset må vere å bli betre på dei grunnleggande tinga som mellom anna trivsel og måltid, og å fylle dagane med innhald, sa ministeren før delegasjonen sette seg i bilane for nye møte på Eid, i Gloppen og i Førde.