Stryn formannskap har gitt Scandinavian Skies AS grønt lys for å tilby rundflyging og taxiflyging med sjøfly, der Marsåvika er landingsplass. Flyginga vil skje med fly av typen Cessna som skal vere bygde på 1970-talet.

I dagens avis går tidlegare kommunestyrepolitikar for Ap, Rune Mikal Hetle, sterkt ut mot formannskapet sitt vedtak. Han viser til diskusjonane og alle pålegg om støyberekning og ulik tilrettelegging som vart kravd og gjennomført i perioden 2003 – 2009, då kommunen handsama søknad om turistflyging med helikopter. Lokale selskap som jobba for å etablere tilbod om turistflyging den gong brukte store summar blant anna på støyberekningar for å kome i mål. Debatten gjekk blant anna på inn- og utflygingsruter, val av støysvake helikopter og tal rørsler.

Rune Mikal Hetle meiner tilrådinga frå formannskapet er i strid med tidlegare kommunestyrevedtak og poengterer at selskapet som no ønskjer å drive sjøflytransport får løyve til dobbelt så mange flyrørsler som lokale selskap fekk løyve til med helikopter i Olden. Han poengterer og at den støyen sjøflya representerer kjem i tillegg til eksisterande støy, noko som bør føre til krav om nye berekningar.

Mange i Stryn har reagert på prosessen rundt søknad og tilråding om turistflyging med sjøfly frå Marsåvika. Debatten om mangel på likebehandling har gått friskt blant anna i sosiale media.

Med det som utgangspunkt at konkurranse er bra og at ein bør ønskje nye tilbod velkomne, er det bra med ei positiv tilnærming til aktørar som ønskjer å etablere ny verksemd. Men det er urimeleg dersom ein aktør får kome inn nærast utan hindringar og konkurrere på heilt andre vilkår enn dei som allereie er etablert. Eit sjøflyselskap som vil etablere seg må bli stilt overfor same krav som eksisterande aktørar. Krav til støy og tal rørsler som ein gong vart stilt, vart gjort av omsyn til befolkninga som vert utsette for støyen. Vert sjøflyselskapet stilt overfor same krav og opererer deretter, vil dei kunne vere eit positivt supplement i ein veksande turistnæring.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør