4. divisjon: Dale  - Stryn - 1 - 2

Det var forventa ein tøff kamp i toppoppgjeret borte mot Dale laurdag, og det vart det.

Etter omlag 52 minutter scorer heimelaget, men som Stryn har vist før, så kan dei å snu kampar. Ikkje før det står att sju minutt av kampen så utliknar Tanel Melts for raudtrøyene. Snaue to minutt før slutt så er det måltjuven Mads Vie som syt for det trenar Johann Sigurdsson kallar ein fullt fortent siger.

- Innsatsen vår betalar seg igjen. Det er god moral i laget no og vi klarar å snu kampen nok eingong. Det er ein fullt fortent siger, seier ein godt nøgd Stryn-trenar.

Etter fire kampar toppar no Stryn tabellen med 12 poeng saman med Vik.

Tysdag 16. mai er det storoppgjer heime mot Eid.