Med tida 3.03.14 vann honndølen Rasmus Gausemel ein knusande siger under den 25. versjonen av Ålesund Maraton laurdag.

- Eg er ikkje overraska over tida eg fekk, men at eg skulle vinne løpet hadde eg aldri trudd, seier den stolte og glade Stryn IL-løparen til Fjordingen.

Gausemel tok igjen favoritten Helge Hafsås frå Olden når det var omlag ei mil igjen av løpet.

- Eg såg at han var sliten då, så eg gjekk på. Krampene begynte å nappe dei siste fire kilometerane, så det var deilig å kome i mål såpass overlegent. Eg har trent lenge for dette løpet, men dette hadde eg ikkje trudd, seier 28-åringen.

Dette var Rasmus Gausemel sitt andre maraton.

Helge Hafsås, som har vunne fleire Ålesund maraton tidlegare, enda på 2. plass, sju minutt bak Gausemel. Hafsås har framleis løyperekorden med tida 2.29.29 som han satt i 2004.

Inge Asbjørn Haugen frå Hornindal IL (MV 60-64) sprang inn til sitt årsbeste resultat på 3.55.47.

Forøvrig var alle dei fem øverste plassane i løpet frå Sogn og Fjordane.

1. Rasmus Gausemel, Stryn T&IL      3.03.142. Helge Hafsås, Olden IL                 3.10.203. Geir Nygård, Førde IL - friidrett     3.14.134. Ove Wolff, Hyllestad IL                 3.16.455. Terje Lyngstad, Jølster IL              3.18.30