Fylkesmannen arrangerer i dag og i morgon den årlege kommunekonferansen i Loen.

Dei store omveltingane i høve til kommune- og fylkesstruktur vil setje sitt preg på konferansen.

-  Vi er midt oppe i ei tid med fleire forvaltingsreformer. Med reformene kjem debatt, sterke kjensler og eit stort informasjonsbehov, skriv fyleksmannen i ei pressemelding.

Statssekretær Kristin Holm Jensen møter under konferansen fylkesmann Anne Karin Hamre, fylkesrådmann Tore Eriksen, ordførar i Førde Olve Grotle og ordførar i Hyllestad Morten Askvik til paneldebatt om fylka og kommunane i endring.

Fokus på barnevern

Det vert også fokus på barnevern under konfersansen.

Rådmann Øyvind Bang Olsen frå Naustadal vil fortelje om korleis kommunen opplevde barnevernssaka som har vore mykje i fokus i media og demonstrasjonar.

Fleire kommunar har utfordringar i barnevernssaker. Hanne Sæbø frå Fylkesmannen vil svare på kva styringsinformasjon frå barnevernet kommunepolitkkarar kan be om.

Den reviderte risiko- og sårbarheitsanalysen for Sogn og Fjordane (fylkes-ROS) blir også presenter Fylkes-ROS er no utvida med konkrete scenario om potensielle hendingar i fylket. Eitt av desse handlar om tunnelbrann, eit tema som har vist seg å stadig vere aktuelt.

Elles vil statssekretær i kommunaldepartementet, Kristin Holm Jensen, legge fram revidert nasjonalbudsjett for 2017 og kommuneproposisjonen for 2018, og Rebekka Borsch (V) frå nye Asker kommune vil halde innlegg med temaet effektivisering gjennom digitalisering i ein ny og større kommune.