Fredag lanserer Britt Pernille Frøholm soloprosjektet "Poems for Hardanger Fiddle" der ho i samarbeid med Mere Records gjev ut samtidsmusikk for hardingfele. Verket som blir lansert digitalt i morgon er "Fragile" av Therese Birkelund Ulvo.

Dei som vil høyre stykket live kan få dette med seg på Sentralen i Oslo fredag kveld.

Britt Pernille Frøholm frå Hornindal er oppvaksen med folkemusikktradisjonen i Nordfjord, men har også lang røynsle i å jobbe sjangeroverskridande. I ein tiårsperiode har ho arbeidd med å spesialisere seg på improvisasjon og samtidsmusikk på hardingfele, parallellt med å at ho har arbeidd med innstudering og formidling av den tradisjonelle folkemusikken.

I tillegg til prosjektet “Poems for Hardanger Fiddle” vil ho også gje ut soloplate med tradisjonelle slåttar frå Nordfjord og Sunnmøre hausten 2017.Britt Pernille Frøholm vart i 2016 tildelt Oppland Fylkeskommune sitt kunstnarstipend og har for tida Statens Kunstnarstipend for 2017-19.