Det er registrert ein stor tilbakegang for vipene over heilelandet, mange stader så mykje som 80% reduksjon dei siste 15-20åra. Norsk Ornitologisk Forening si fylkesavdeling i Sogn og Fjordaneønskjer difor å undersøkje situasjonen i vårt fylke.

Tips fråpublikum er avgjerande viktig, opplyser foreininga. Målet med tiltaket er å få oversiktover vipene sin situasjon i Sogn og Fjordane, og samstundesinformere om tiltak som kan gjerast for å sikre at vipene lukkastmed å få fram ungar.

- Vi ønskjer å få eit tal på hekkande fuglar, ogfinne kjerneområde for vipe i fylket. Vi er takksame for tips frådei som finn hekkande fuglar. Det er fuglar som viser klare teiknpå å hekke, som varslande åtferd, egg og ungar vi er interesserte itips om. Den som sender inn tipset bør opplyse om det er varslandeåtferd, egg, reir eller ungar dei har observert. Vidare ynskjer vinamnet på den som sender tipset, kommunenamn, og namnet på stadender vipa hekkar. Gjerne og namnet til grunneigaren, seier leiar i NOF Sogn og Fjordane, Torbjørn Hasund. NOF Sogn og Fjordane har eiga facebookgruppe der observasjonar kan meldast. Nestleiar i styret, Jan Ove Sagerøy, tek også imot observasjonar.

Dei som er brukarar påwww.artsobservasjoner.no kan dei leggje observasjonen direkte innder.

- Der vil vi opprette eit eige prosjekt på vipe i Sogn ogFjordane. Det er også aktuelt å gjere grundigare undersøkingar avhekkesuksess på utvalde stader i fylket der vi veit det framleis ergode tal på hekkingar, fortel Hasund.

- Røynde fugleobservatørar vil oppsøkjemoglege hekkeområde for å registrere hekkande viper. Så langt sommogeleg vil ein bruke kikkert og teleskop frå veg for å finnafuglane. Det kan vera aktuelt å be grunneigaren om lov til å gå utpå markene i terreng der ein ikkje har fri sikt frå veg.

Norsk Ornitologisk Forening avd. Sogn og Fjordane har også ei oppmoding til gardbrukarar og andre grunneigarar.

-Vi veit at mange grunneigararønskjer å ta vare på desse vakre fuglane. Det er ein del enkletiltak som kan hjelpe, seier Hasund.

Råd til gardbrukarar og andre grunneigarar:

  • Merk reiret med ein tynn pinne slik at einikkje uforvarande køyrer over reiret når ein arbeider med jorda.Pinnen bør vere så tynn at den ikkje er eigna sitjestad for skjorog kråke.

  • Reir kan flyttast nokre få meter ved å ta ei spadeunder heile reiret når ein skal pløye, ved gylling med slange ellerliknande. Legg det helst tilbake etterpå.

  • Dekk reiret med eibøtte eller plast for ei kort stund når ein skal spreia møk.

  • Nårein skal slå graset vil det beste vere å ta til i midten og arbeideseg utover, slik at ungane får røma unna. Spar helst litt gras ikantane der ungane kan gøyme seg.