Sande Camping mottok 16. mai miljøsertifiseringa Green Key. GreenKey er reiselivet sitt miljømerke, og per idag den største globale miljøsertifiseringsordninga forovernattingsstader.

For å bli Green Key-sertifisert er det ei rekkje kriterium verksemda må oppfylle. Dette femner om område frå energi, vask og avfallshandtering til informasjonsarbeid.

- Vi i har ein plan på at både vi som eigararog våre tilsette skal ha dagleg fokus på miljøet og sette i verkfleire miljøtiltak på ulike plan, seier dagleg leiar Turdi Sande Beinnes ved Sande Camping.

- Sande Camping vil jobbekontinuerleg for å forbetre sin miljøprofil. Blant anna skal alle kvitevarer som blirskifta ut vere miljømerka og energisparande. Alle sesongplassanehar straummålarar, noko som gir betydeleg mindre bruk av straum.Reinhaldsprodukt som såper, vaskemiddel av alle slag, tørkepapir m.m.skal vere miljømerka. Vi har i samarbeid med vår vareleverandør avslike produkt laga ein reinhaldsplan som skal følgjast.

Målet til Green Keyer å fremje berekraftig turisme og å bidra til åførebyggje klimaendringar, mellom anna med å gjere både tilsette og gjester meir medvitne og å fremje berekraftige rutiner, redusere energi- og ressursbruk og støtte opp under miljøvenlege og ansvarleg bedrifter.

- Vi har laga eit system og ein plan forkjeldesortering i den grad renovasjonsselskapet tilbyr ordningar fordette. Her vil vi aktivt jobbe for at det skal bli eit endå betretilbod for sortering. God informasjon ut til gjestene er eit viktigpunkt for å få dette til å fungere slik at alle kan bidra, seierTurid Sande ved Sande Camping.

  • Green Key er ei frivillig miljøsertifiseringsordning for  hotell, overnattingsstader og andre reiselivsbedrifter.

  • Programmet er per i dag den største globale miljøsertifiseringsordningea for overnattingsstader.

  • Green Key er anerkjent og støtta av United Nations World Tourism Organisation (UNWTO) og United Nations Environmental Programme (UNEP).