Etter at gondolbana Loen Skylift var høgtideleg opna av dronning Sonja i går, var det om kvelden duka for den store opningsfesten. "Party Heaven" baud på tapas, DJ og ikkje minst konsert med eit av landets mest ettertrakta liveband, Highasakite.

- Dette er heilt fantastisk å få oppleve. Tusen takk for at vi fekk vere med på dette! sa ein begeistra vokalist og frontfigur, Ingrid Helene Håvik, då ho såg ut over folkehavet på taket av Hoven Restaurant.

Hoven Restaurant. Dei svarte "prikkane" langs kanten oppe er folk som nyt utsikta frå taket av restauranten. Foto: Gunnhild Sindre

Og då superhiten "Golden ticket" ljoma ut i vårnatta, som hadde sommartemperatur for anledninga, då var stemningen høg i høgfjellet.

Det var tjukt av folk på taket av restauranten då High as a kite heldt konsert seint laurdag kveld. Foto: Gunnhild Sindre

Også gruppa Sol i skuggesong, som mellom anna spelte sin populære "Fjelltur" då dronninga kom til Hoven tidlegare på dagen, fortel at det var ei stor oppleving å få spele der oppe på toppen.

Sol i skuggesong spelte songen "Fjelltur" då dronninga kom til Hoven. Frå venstre: Øyvind Sandum, Knut Sneve, Ingrid Lian-Bjørgum, Einar Lian-Bjørgum og Øystein Garli Dragset.