TV-aksjonen 2017 blir arrangert 22. oktober til inntekt for UNICEF.Varaordførar Torstein Tvinnereim vart på kommunestyremøtet førre veke vald til leiar i den kommunaleTV-aksjonskomiteen, og får fullmakt til å peike ut medlemmanei kommunekomiteen etter same prinsipp som tidlegare år.

Stryn kommune løyver kr. 7.000,- til årets TV-aksjon, noko som også vart løyvd i fjor.

Inntektene frå TV-aksjonen går til å hjelpe barn iColombia, Mali, Syria, Pakistan og Sør-Sudan med å få tilgang på læring.Eit av fem barn i krigs -og konfliktområder står i dag utan skulegang.