Cruiseskipet MS Britannia har torsdag vore til kai i Olden.

Giganten var også på besøk i Olden 4. mai, og cruiseskipet vil kome tilbake fleire gonger i løpet av sommaren.

MS Britannia hadde torsdag over 4.000 passasjerar, og både Briksdalen, Kjenndalen og Hoven vart besøkt av mange får Fjordingen opplyst på cruisekaia. Det var også mange turistar som brukte tida på å gå tur i Olden sentrum.

Med ei vekt på 143.730 tonn og ei lengd på 330 meter er MS Britannia eitt av dei største cruiseskipa som besøker Olden i sommar. Berre Queen Mary 2 som kjem i juli og august er større.

Om skipet held ruta forlet det Olden kl. 17.00.