Justisministeren har sagt sitt. 115 av tenestestadane til politiet blir lagt ned.

Det nye Politi-Norge får 225 tenestestadar, mot 340 lensmannskontor og politistasjonar i dag, ifølgje Politidirektoratet.

– No kan politidistrikta starte arbeidet med å gjennomføre endringane i den lokale organiseringa. Dette er siste fase med strukturendringar, og det vil ta tid å få den nye organiseringa på plass med innplassering av medarbeidarar og stenging av kontor som skal avviklast, seier politidirektør Odd Reidar Humlegård.

Berre éin av dei 72 klagene som kom inn etter at Politidirektoratet la fram sitt forslag til ny tenestestruktur, blei tatt til følgje. I tillegg har departementet tatt klagene frå Hemnes i Nordland politidistrikt, Stranda i Møre og Romsdal politidistrikt og Aurland i Vest politidistrikt til følgje. Desse kommunane får dermed behalde tenestestadane sine.

– Det er nærmaste patrulje som avgjer responstida til politiet, og ikkje avstanden til nærmaste lensmannskontor. Kvar klage har blitt behandla grundig og individuelt i departementet, seier justisminister Per-Willy Amundsen (Frp).

Han understrekar at «avgjerda er endeleg».

(©NPK)