Fredag like før klokka 18.00 fekk politiet melding om at ein traktor hadde køyrt av vegen, gått rundt for så å stoppe i nokre tre på Blakset i Stryn.

Nødetatane var raskt på plass, og føraren, ein mann i 60-åra, vart sendt til lege for sjekk.

Like etter klokka 19.30 fekk politiet melding om ei utforkøyring vest for Kjøs bru. Nødetatane og luftambulanse er på staden.

Det skal vere ein bil med ein person involvert i ulukka. Føraren, ein mann, er frakta med luftambulanse til Haukeland sjukehus i Bergen. Tilstanden til føraren er ikkje kjent, meldte politiet fredag kveld.

Vegen var i ein periode stengt på ulukkesstaden.