I 2016 kontrollerte Arbeidstilsynet nesten 3.500 verksemder i byggje- og anleggsbransjen. Over 500 av desse fekk arbeid stansa på grunn av overhengande fare for livet og helsa til arbeidstakarane. Dei fleste stansingane skuldast farleg arbeid i høgda.

– Dette er altfor mykje og trass i at Arbeidstilsynet i mange år har reagert overfor slike arbeidsforhold. Difor ser vi oss nøydd til å ta i bruk sterkare reaksjonar i større omfang, seier direktør Vollheim Webb i ei pressemelding.

I veke 22 og 23 skal inspektørar frå Arbeidstilsynet ut på tilsyn på byggjeplassar i heile landet, med spesielt fokus på å kontrollere at arbeid i høgda går føre seg på ein lovleg og sikker måte.

– Stillas, stigar og tilkomst til tak er typiske forhold som vil bli kontrollert. Der vi ser at arbeid i høgda utan sikring, eller med mangelfull sikring, vil vi no i endå større grad vurdere om vi skal gi lovbrotsgebyr. Målet med dette er å førebyggje fallulykker, seier Webb.