No er bobla som oldefar Sigurd Tunold kjøpte brukt hjå Karstad i Stryn i 1971, snart klar for vegen igjen. Bilen har vore plukka fullstendig frå kvarandre. Delane er restaurert, før alt er sett saman att. Bilen er med andre i ord i ferd med å bli i topp stand. Rolf Martin fortel at han kjenner biltypen ut og inn.

–  Eg har eit heilt hus med bobledelar etter å ha plukka frå kvarandre sju bobler. Eg har plukka litt her og litt der for å setje saman denne bilen, fortel han.

Det var mykje rust på ramma, og boblefantasten skar ut stykke utan rust frå ramma på delebilar, og erstatta rusta parti i bilen han restaurerer. Delane er pussa, sandblåst og lakka opp att.

– Frå no av skal bilen berre brukast når sola skin!

Inn med morsmjølka

Rolf Martin fortel at han har fått hjelp både av faren Svein og av kollegaer på jobben ved Stryn Mek. Verksted. Han har også fått låne lokale og utstyr på arbeidsplassen til det nitidige arbeidet. Kor mange timar han har brukt på prosjektet veit han ikkje.

– Men det har vore veldig mykje jobb i to år.

– Kva er drivkrafta for å legge ned all denne tida?

– Det er fordi eg synes det er kjekt. Det er hobby og kos. Det er fint å gå ut her og skrue på veteranbil når eg skrur vanlige bilar på jobb. Eg er glad eg har ein tolmodig sambuar. Ho fekk bilinteressa på kjøpet.

Lidenskapen for å pusse opp bilar har han arva etter faren Svein, også han bilmekanikar. Saman har dei tidlegare restaurert ein Volvo PV.

Og Rolf Martin trur ikkje bobla er den siste bilen han set i stand.

– Eg var med far min frå eg kunne gå. Dette er noko som alltid har vore ei stor interesse.

Flaks

Sjølve restaureringa går føre seg i den nedlagde driftsbygningen på garden i Oppstryn, der også familieverksemda Holmevik camping ligg.

Her er det laga til verkstad. Varmepumpe er installert, slik at lokala held behagelege 16 grader om vinteren når det er høgsesong for bilpussing.

– Blir du aldri lei?

– Det hender. Då tek eg berre nokre dagar fri, køyrer båt på vatnet eller noko anna. Så får eg lyst å drive på med bilen igjen.

Historia til Tunold-bobla er av det spesielle slaget, for bilen har ikkje vore i familien heile vegen. Etter fem år bytte nemleg oldefaren inn bobla same stad som han kjøpte henne. Bilen forsvann til Ålesund, og berre flaks gjorde at han hamna tilbake hjå familen.

Det viste seg at stryningen Oddvin Vonheim hadde fått hand om bilen. Men det visste ingen i familien Tunold, der dei etter kvart var byrja å leite.

Skjønte han eksisterte

– Eg hugsa nummeret, og prøvde å få det på ein annan bil eg hadde. Men det fekk eg ikkje fordi nummeret framleis var i systemet. Då skjønte eg at bilen eksisterte, fortel Svein Tunold.

– Det var berre tilfeldig at eg snakka med Oddvin Vonheim om bobler, og han fortalte at han hadde ei ståande i ein garasje. Då vart eg nysgjerrig og byrja spørje nærmare etter. Det viste seg at det var bilen vi hadde hatt, og vi fekk kjøpe han tilbake, fortel Svein.

Bestefar til Rolf Martin, Reiel, var postmann og brukte ei tid bilen til postkøyring i Oppstryn. Så mange vil nok hugse doningen.

Motor bak: Bobla var allemannseige på 1960 - og utover på 1970-talet. Eit kjenneteikn var motor bak. Rolf Martin i ferd med å setje på høgre bakskjerm på Tunold-bobla. Foto: Jørn-Arne Tomasgard Jørn-Arne Tomasgard Jørn-Arne Tomasgard Jørn-Arne Tomasgard

Skal køyre til Oslo med bobla

Rolf Martin Tunold seier bobla er i topp stand og han kvir seg i kkje for å køyre bilen til Oslo på

VW-treff i august.

– Eg har tenkt meg på treff på Gardermoen. Bilen er i topp stand og det er ikkje problem å køyre han dit. Eg kjenner kvar vinkelskrue på bilen, og tek med ei verktøykasse i tilfelle, seier han. Mo

toren var gåen, så han har sett i ein ny frå ein av dei sju delebilane han har.

– Speedometeret står på 16.000 kilometer. Men det startar på nytt etter 100.000. Eg tippar bilen har gått 216.000 kilometer, seier han.

Familien fekk bilen tilbake i 2004, og Rolf Martin byrja fikse på han allereie før han fekk sertifikat.

– Eg spraylakkerte han først svart, og han var ei tid i bruk meir som ein ungdomsbil. Han var mellom anna stilt ut på utstillinga «Bil i 100» i Stryn i 2014.

No har bilen fått tilbake originalfargen i lys blå. Sjølv om skilta ikkje er originale, er nummeret originalt. Bilen er siste utgåva boble med 6 volt.

– Det vanlege i dag på bilar er 12 volt. Har eg på hovudlysa på bobla går ikkje vindaugsviskarane skikkeleg, på grunn av at det er lite straum.

Det er også den siste utgåva med fem bolts felgar.