Kristian og Anne Leivdal frå Hornindal fekk med seg ein stor pokal heim fredag, etter at bilen deira, ein oppussa, staseleg 1972 modell Mercedes 230 vart kåra til årets favoritt på motortreffet under Austefjord Helg.

- Eg kjøpte bilen privat for tre år sidan, av ein 90-åring i Stavanger. Bilen var i heller dårleg stand, og det er leigetakaren min å takke for at bilen er blitt så bra at han vart kåra til årets favoritt, fortel Kristian Leivdal.

Når Fjordingen spør kvifor han kjøpte bilen, smiler han breitt.

- Bilen er registrert to dagar før bryllaupsdagen vår, så det var for at eg skal hugse datoen.

For den som måtte lure; bilen er registrert første gang 27. april 1972 og har ein seks-sylindra motor på 120 hestekrefter.