Lions markerer i desse dagar eige 100-årsjubileum, og i det høvet inviterte den lokale klubben i Stryn lokalbefolkninga i Stryn og Hornindal kommunar til ei lita feststund på Per Bolstad plass. Kaffi og kaker, musikk ved Fjelljom spelemannslag og ein god prat var noko av det som stod på programmet.

Lionsklubben i Stryn inviterte også gjester frå Hornindal og brukarar og tilsette ved InVia og arbeidssenteret i Stryn til båttur og grilling i Lodalen på fredag.

- Dette er ein høgst oppegåande 100-åring, sa ordførar Sven Flo i si helsing til Lionsklubben.

Lokale Lionsklubbar over heile landet har hatt tilsvarande opplegg.

Du kan lese meir om arrangementa i Stryn i tysdagsavisa.