Fredag blei FM-bandet stengt for riksdekkjande radio i ytterlegarefire fylke. Denne gongen gjaldt det Buskerud, Telemark, Hedmark ogOppland. Det er P4 og Radio Norge som fredag slutta å sende påFM-bandet i desse fylka. NRK slutta med sine sendingar i dessefylka allereie i april.

Også lokalradioen NRJ slutta med sineFM-sendingar i Røyken og Hurum i Buskerud fredag. Dei andrenærradioane vil halde fram å sende på FM-bandet.

Riksdekkjande radio er noheildigital i Nordland, Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag, Møre ogRomsdal, Oppland, Hedmark, Telemark og Buskerud.

Neste runde medsløkking av FM-signal skjer 21. juni. Då sløkkjer NRK sineFM-signal i Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland og Agder.Stortinget har vedtatt at FM-bandet skal sløkkjast innan utgangenav året. Berre nærradioar fortset å sende på FM-bandet frå nesteår.

Norge er det første landet i verda som sløkkjer FM-nettet.

(©NPK)