– No er vi i gang! Om det fyrste spadetaket er før eller etter ferien, er ikkje vesentleg. Det viktige er at hallen står ferdig 16. november 2018.

Det var ein sprudlande Ørsta-ordførar Stein Aam som fredag signerte kontrakten for bygginga av fleirbrukshallen i Ørsta med entreprenørfirmaet HS-Bygg frå Stryn.

Dagleg leiar i HS-Bygg, Knut Løvdal Stauri fortel at det vert oppstartsmøte for byggjeprosjektet komande måndag, og då vil det gå slag i slag. Byggjestarten vil skje i løpet av kort tid.

Det var ei høgtidsam stemning då kontrakten vart signert. For Ørsta kommune er dette den største einskildkontrakten nokon gong.

157 millionar kroner

Kontrakten er på 157 millionar kroner inklusiv moms, 125,5 millionar kroner utan moms. Han gjeld bygginga av fleirbrukshallen med tre flater for handball, klatrevegg, plass for teleskoptribune, klubblokale for Ørsta IL, utandørs tribune mot Ørsta stadion, fem garderobesett m.v.

– Dette er ein historisk dag. Det har vorte arbeidd med hallen svært lenge. Dette er eit prestisjeprosjekt, ikkje berre for Ørsta, men for heile regionen, seier Aam.

Det seier Løvdal Stauri seg samd i.

– Også for HS-Bygg er dette eit prestisjeprosjekt. Ørsta og Søre Sunnmøre har vorte ein del av vårt satsingsområde etter at Kvivsvegen kom, og området vil vere ein viktig marknad for oss, poengterer Løvdal Stauri.