Stryn henta opp Førde 2 si tomålsleiing, og viste nok ein gong at laget ikkje gir seg før dommaren bles for full tid. Det vart likevel ein frustrerande kamp for heimelaget sin del.

Det såg stygt ut, og Førde 2 viste effektivitet og leia 2-0 allereie før 12 minutt var spelt. Bortelaget gjekk raskt i angrep då dei vann ballen og spelte direkte, noko som tydelegvis var ein god plan mot eit ustødig stryneforsvar.

Rasmus Skåre Tjellaug, som debuterte for Stryn, pirka inn reduseringa til 1-2 etter 13 minutt. Stryn spelte seg meir og meir inn i kampen, og det var gode tendensar i angrep. Då passa det dårleg at Førde 2 i staden scora enkelt halvvegs ut i omgangen etter slett markering i heimeforsvaret. Mathias Garlid sørga for spenning igjen då han sende i veg eit langskot i mål, via ein førdeforsvarar.

Andre omgang fekk ein marerittstart for heimelaget, med Førdescoring før minuttet var gått. Denne scoringa må nok keeper Jens August Guddal Muri ta på si kappe, og Stryn måtte igjen jage scoringar.

Mads Wie hadde fleire store mulegheiter til nettkjenning, men mål vart det ikkje før han sette eit billeg idømt straffespark kontant i mål med 20 minutt att å spele. Dette markerte ein stor-offensiv frå heimelaget, og i det 90. minutt utlikna kaptein Vegard Sæten Hopland til 4-4, ei utlikning som må seiast å vere fullt fortent.

Stryn hadde også ein ball til i nettet i 2. omgang, men målet vart tvilsamt annulert for offside. Stryn toppar Kretsligaen med 23 poeng etter ni serierundar. Vik på andreplass tapte sin kamp mot Dale 4-1 på fredag.