Primusmotor for Loen Skylift, Richard Grov, er særs nøgd etter at denspektakulære gondolbana i Loen har vore i drift i ein månad. Itillegg til at besøket ligg over det ein forventa, meiner Grov atein allereie kan sjå gondoleffekten elles i regionen.

– Dei flestegjestane bur i Loen eller plassane rundt her, men eg har snakka medkollegaer andre stader i regionen som seier at dei har opplevd meirbesøk tidleg i sesongen. Samstundes merkar vi at det allereie erjuli-tendensar i trafikken på vegane, seier Grov til smp.no.

24.000turar

Grov og kompani venta kring 55.0000 besøkande den førstesesongen – og inkludert tala for sist helg, har kring 12.000 teketuren med Loen Skylift så langt. Fordi mange av gjestane til dømesgår klatreruta Via Ferrata opp og tek gondolen ned att, har deibegynt å nytte talet for kor mange turar det er snakk om. Sidanopninga den 20. mai er talet på turar så langt på kring 24.000.Målet er 110.000 turar i løpet av sesongen.

– Det er veldigspennande tal. Og det er jo fyrst no sesongen eigentleg startar,påpeiker Grov. Mektig Gondolbana kan by på spektakulær utsikt ogsug i magen.

Rørande inntrykk

Grov sitt inntrykk er at detfleste besøkande så langt har vore frå nærmiljøet ogNordvestlandet. Men det har mellom anna også ankra opp ein mindrecruisebåt i bukta i Loen som sende alle gjestane opp til fjells.

–Når det gjeld besøk av cruiseturistar frå andre stader, reknar vimed at operatørane treng litt tid på å opparbeide den strukturen,seier han. Det som likevel har gjort mest inntrykk på Grov er folksom til vanleg har vanskeleg for å kome seg til fjells.

– Det errørande så sjå korleis mange reagerer når dei får opplevehøgfjellet på denne måten. Vi hadde til dømes eit par frå Bergensom hadde ulike utfordringar. Dei sat og gret på veg ned, og takkakabinføraren hjartans for turen, seier Grov.

Merkar tidlegaresesongstart

Reiselivssjef Marita Lindvik i Visit Nordfjordstadfestar at gondolbana allereie gir ringverknader, sjølv om deiikkje kan talfestast så langt.

– Loen Skylift er eit glimrande dømepå korleis sesongen blir utvida, og det er ingen tvil om at vi serein positiv effekt for heile Nordfjord. Slik sett er dette einkjempestart, seier ho til smp.no. Lindvik seier turistane og cruiseaktørane har merka segLoen Skylift.

– Sjølv om Nordfjord allereie er ein attraktiv plassmellom anna med Briksdalsbreen, så er dette eit nytt trekkplaster,seier ho.

Også ved GloppenHotell merkar dei at sesongen ser lovande ut: – Sesongen har startalitt før enn til vanleg og vi har fleire bestillingar. Det er nokingen tvil om at Loen Skylift er med å dra folk og skaparringverknader, sjølv om vi ikkje kan talfeste dette konkret, seiersalssjef Joachim Scobie til smp.no.

Gladdag: Opningsdagen vart ein verkeleg gladdag for alle involverte i Hoven Loen-prosjektet. Her vert dronning Sonja eskortert frå restauranten til monumentet på toppen av Richard Grov og Arne Hjeltnes. Foto: Gunnhild Sindre
Reiselivssjef Marita Lindvik i Visit Nordfjord. Foto: Anne-Mari Tomasgard, Sunnmørsposten