Det er lenge til skiskyttarsesongen startar for alvor, men Tarjei Bø har allereie ein siger å slå i bordet med, og det til og med i sitt første halvmaraton.

- Artig å konkurrere litt på sommarstid også slik at eg kan halde konkurranseinstinktet i live. Det var bra fart i kroppen under løpet, fortel Bø til Fjordingen.

Det var i eit halvmaratonløp i Nordmarka i Oslo at stryningen viste konkurrentane ryggen. Med tida 1.16.51,0 var det ingen som kunne tukte skiskyttaren.

Sognefjellet og Sverige

For fjorten dagar sidan var Bø og resten av skiskyttarlandslaget på sin tradisjonelle treningsleir på Sognefjellet, og han melder om bra med trening.

- Sjølv om det regna ein del så vart det fire-fem timar med trening kvar dag, så det var bra det.

- Du er med andre ord godt i gang med førebuingane til sesongens store mål som er OL. Kva er neste post på programmet for deg og skiskyttarane?

- Laurdag er det samling i Torsby i Sverige som står for tur, seier Tarjei Bø.