Helga vi la bak oss var nok ei helg der dugnadsånda stod sterkt i indre Nordfjord. I Stryn kunne Lionsklubben feire nasjonalt 100 års jubileum og lokalt 50 års jubileum. Kva gjorde klubben for å feire? Jo, dei lagde fest og gode arrangement for andre. Først med båttur på Lovatnet og grilling ved Kjenndalsstova fredag. Deretter ei lita feststund på Per Bolstad plass i Stryn sentrum laurdag, med servering, musikk, taler og god prat.

Dei mange eldsjelene i klubben fekk velfortent ros av ordførar Sven Flo for sitt store samfunnsengasjement og ikkje minst engasjement i å gjere kvardagen trivelegare for innbyggjarane. Lionsklubben er ein god samfunnsaktør som har som fremste mål å skape glede og trivsel for andre.

Ein annan aktør som tromma saman til dugnad i helga var arrangøren av Grodås Cup. I sitt 19. år vart det både deltakarrekord og rekord i tal spelte kampar på dei to fotballbanene i Hornindal. Arrangørstaben som står bak har planlagt cupen i mange månader, og bruker heile bygda som medspelarar. Cupen er så stor i omfang at innbyggjartalet i kommunen vert meir enn dobla i alle fall laurdagen i cuphelga. For å få eit slikt arrangement til å gå smertefritt, trengst det gode organisatorar og eit stort kobbel frivillige. Hornindal har begge delar.

Dei to arrangementa, eitt i Stryn og eitt i Hornindal, kan stå som døme på kva som er mogleg å få til når mange går saman om å gjere noko kjekt for andre. I Stryn er motorfestivalen akkurat tilbakelagt. Også det ein gedigen dugnadsfest. Og i dagane og vekene som kjem, er det klart for nye arrangement, meir eller mindre fortløpande gjennom heile sommaren, og godt spreidd mellom dei ulike kommunane og grendene i distriktet.

Det som er kjekt å sjå, er at stadig fleire unge er med i dugnadsgjengane rundt om. Det viser at den gode fellesskapstanken smittar over. Det bidreg både til vidareføring av tradisjonar og også til å skape nye arrangement.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør

Grodås Cup sette ny deltakarrekord i sitt 19. år. Foto: Thomas Thaule