Målet er å auke konsumandelen i produksjonen av bær.

I følgje nett.no har produksjonen av bringebær i Nordfjord dei siste åra hatt ein kraftig vekst. Dette er ei medverkande årsak til at Innvik Fruktlager, som tek imot bær og frukt frå Stryn, Gloppen og Nordfjord, dei siste tre åra kan gle seg over at driftsinntektene har auka frå knapt 30 til over 40 millionar kroner.

Dagleg leiar Henriette Ansok Hatling fortel at produksjonen av bær no er i ferd med å flate ut, og at bøndene i området satsar meir på eple og plommer. Plantinga av nye eple- og plommetre er så stor at Ansok Hatling reknar med at produksjonen av eple og pærer om fire, fem år er dobbelt så stor som han er i dag.

Ho seier også det er ein tendens til at bøndene tek i bruk dyrka mark for å satse meir på bær og frukt.

(NPK)