Ikkje mindre enn 38 bilar av merket Fiat Barchetta cabriolet stod på parkeringsplassen utanfor Stryn hotell tysdag kveld.

- Vi kjem frå heile Europa, ja til og med nokre frå Japan, seier Mark Espe frå Osnabrück i Tyskland, som er med i bilfølgjet. Han køyrer ein 2000-modell som han har hatt i eitt år, og har vore på fleire Barchetta-samlingar nedover i Europa. Han har også ein 16 år gamal Barchetta heime i Tyskland som berre blir brukt på kortare turar. Bilane av dette merket er bygd frå 1995-2005, opplyser Espe.

- Vi er på tur til Molde og Atlanterhavsvegen, fortel tyskaren vidare.

- Vi starta i Oslo på søndag, og har vore innom mellom anna Lærdal, Gudvangen og Balestrand der vi overnatta. I dag køyrde vi over Gaularfjellet og Utvikfjellet før vi kom til Stryn, seier Fiat-entusiasten.

Onsdag går turen over gamle Strynefjellsvegen og til Geiranger, før bilane set kursen mot Atlanterhavsvegen som er endestasjon for turen.

- Kva er grunnen til denne entusiasmen for Fiat Barchetta?

- Eg vil ha ein bil med eit spesielt design, og det synest eg denne bilen har, seier Mark Espe, som godt kunne tenkt seg litt varmare sommarver på turen vidare.