Tysdag fortalde vi om tre unge gardbrukarar i Hornindal som investerer til saman 25 millionar kroner på bygging av robotfjøs. Gardbrukarane fortel at dei let seg inspirere av satsingsviljen til andre bønder i bygda. Det er gode signal å få for dei som allereie har bygd, og kan vere motiverande for endå fleire.

I tillegg til omfattande utbygging av robotfjøsar dei siste åra, vert det og satsa stort innan nydyrking i Hornindal. I sum viser dette at unge bønder har stor tru på jordbruket som framtidig næring.

Landbruk er ein viktig del av næringslivet i landet, ikkje minst i Hornindal der matproduksjon alltid har stått sterkt. For nokre år sidan spådde dei mest pessimistiske at landbruket i Hornindal ville bli kraftig redusert ved neste generasjonsskifte. Difor er det ekstra kjekt å kunne bruke     avisspaltene til å fortelje om det motsette. Matproduksjon på Vestlandet er særs viktig, både for å vere sjølvforsynte, men like mykje for at forbrukarane skal vere sikra god og sunn mat. Naturleg stell av kulturlandskapet er ein annan positiv side ved satsing innafor landbruket. Det er særs viktig med ein landbrukspolitikk som gjer det attraktivt å produsere mat også i åra som kjem.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør