Onsdag slutta NRK å sende over FM-nettet også i Sogn og Fjordane. Klokka 11.11 gjekk NRK sine sendingar over til sus, og i september følgjer dei kommersielle kanalane etter. Dermed er reine FM-radioar i bilar og heimar blitt bortimot verdilause, sjølv om Radio Stryn held fram sine sendingar på FM.

Innføring av DAB er eit framsteg for radiolyttarane. Likevel: Sløkking av FM-nettet er eit stort politisk ran, i den forstand at politikarane har gjort folk sine verdiar verdilause. Størstedelen av den norske bilparken er framleis utan DAB-radio. I heimar og hytter finst eit stort tal radioar som anten vil bli skrota eller må bli påkosta DAB-adapter. Stortinget, med NRK som heiagjeng, nyter liten respekt blant folket når ein ikkje kan la FM-nettet leve vidare nokre år til. Av sikkerheitsomsyn og for at utskift-ingstakten av radioar i bil og heim kan skje meir naturleg og på ein mindre økonomisk belastande måte.

Bengt Flaten

ansvarlegr edaktør