– Vi gjer alt vi kan for å operere i samsvar med ruteplan, men vi kan ikkje sjå bort frå avvik, seier kommunikasjonsansvarleg i Norwegian, Daniel Kirchhoff, i ein e-post til NRK.

Ifølgje kanalen er det fleire hundre nordmenn som no er ramma, fleire av dei på flyplassar i utlandet. Andre sit fast i Noreg og får ikkje komme seg av garde på ferie.

Søndag var seks flygingar frå Gardermoen innstilt.

I fjor måtte Norwegian kansellere 18 flygingar den første helga i juli. Til saman blei mellom 4.000 og 5.000 passasjerar ramma.