Etter 10 timar 7 minutt og 26 sekund og 75 beinharde kilometer kunne Eivind Klokkhaug frå NTNUI titulere seg som vinnar av årets vinnar av Hornindal Rundt.

26-åringen Klokkhaug låg lenge tett i tet saman med Løplabbet Lade-løparen Anders Myrland, men kom likevel i mål over 20 minutt foran Myrland på 2. plass. Tredjeplassen gjekk til svenske Niclas Forsmark.

Beste kvinne vart svenske Sanna Elkotthelander (23) Med tida 11.20.26 vann ho kvinneklassa og 7. plass totalt.

Les også: Suveren klassevinnar

Honndølen Rasmus Gausemel (29) sprang inn til ein 11. plass med tida 11.37.47

I skrivande stund er 12 løparar kome i mål.

Følg resultata fortløpande (gjerne utover natta) her.

Årets bestetid er likevel godt bak løyperekorden på 8.52.30, satt av Lars Erik Skjervheim.