19 åringen frå Hornindal sprang i mål berre 49 sekund etter vinnaren Andrè Haugsbø frå Gaular IL som kom i mål ved Horndøla bru med tida 4.22.49.3.

Rasmus leia ei periode løpet med eit halvt minutt, men vart teke att av Haugsbø på dei meir flate partia etter Holskarsætra

- Det var tjukk skodde og vått og sleipt. Vi trudde ikkje vi skulle kome så nær rekorden med slikt føre, fortel dei to.

Ein sliten, men nøgd Rasmus Haugen tok altså sølv på heimebane laurdag ettermiddag.

Vinnaren Andrè Haugsbø, som hadde tidlegare rekord på denne distansen på 4 timar 22 minutt og 4 sekund, fortel Fjordingen sin reportar på stedet at han fekk krampe fleire gonger under løpet.

Tredjeplassen var det Hans Kristian Smedsrød frå Sky Blazers som tok.

Favoritten for kvinneklassa, Malene Haukøy, frå Høyang, vann kvinneklassa og ein femteplass totalt.

Andreas Skylstad frå Norangdal IL tok fjerdeplassen.