I ein snerten, knallblå BMV-sportsbil fartar ekteparet Fletcher rundt på Vestlandet. Sue og Neil Fletcher hevdar at dei ikkje får nok av det Norge har å by på av spennande natur og opplevingar ein kan få i landet.

Det er fjerde Norgesbesøket for henne, det tredje for ektemannen.

- Eg var her med vener for første gong som 18-åring. Vi tok interrailtur hit, og dermed fekk eg smaken av Norge, seier Sue.

Saknar ferge

Fjordingen møter ekteparet på Utvikfjellet der dei har stoppa opp for å kose seg med niste og kaffi. Imøtekomande fortel dei om ei kronglete reise for å kome fram til draumemålet, Vestlandet.

- Tidlegare kunne ein ta ferge frå England til Bergen, og då var det kort reise hit. Ein får oppleve meir når bilen enkelt kan takast med. Det er mange som saknar høvet til å enklare å kome til Norge med bil, seier Sue.

Neil fortel at reisa no gjekk via Nederland, til Danmark der dei har vener å besøke, og med ferge frå Hirtshals til Kristiansand. Etter det gjekk turen over fjellet til Bergen og vidare nordover Vestlandet. Då vi møttest skulle dagen brukast i Nordfjord og Geiranger. Det vart ivrig studering av kart og notering av alt dei kunne oppleve gjennom Stryn kommune.

- Gondolbana høyrest spennande ut, kommenterte Sue, og Neil meinte dei hadde sett noko på nettet om opninga av Loen Sky Lift som tek besøkjande eittusen meter til værs. Dalar og brear stod også på besøksagendaen for ekteparet.

Innpakning

Kva gjer at dei kjem tilbake gong etter gong?

- Det er heile innpakninga. Vi elskar naturen og venlege menneske vi møter. Vi elskar alt med Norge, kjem det litt frå den eine og litt frå den andre.

Etter Geiranger går turen via Trollstigen, over Atlanterhavsvegen til Kristiansund, og vidare til Trondheim.

- Frå Trondheim tek vi Hurtigruta til Bergen og køyrer same vegen tilbake gjennom Danmark, seier Neil Fletcher. Det ser ut som begge gler seg over høvet til å nyte naturen på veg mellom fjordar og fjell.

Dei har lært at ein må nyte sola når ho er framme, Nedsenka biltak og vind i håret er ikkje sjølvsagt kvar dag, men ruskevêr kan også vere sjarmerande.