Statens vegvesen har vedtatt at fire nye skilt skal opp ved fylkesveg 60, før og etter både Tyvanestunellen mellom Loen og Stryn og før og etter Stavenestunellen mellom Stryn og Loen. I begge retningar blir det skilta "Farleg sving" og anbefalt fartsgrense på 60 kilometer i timen.

- Fv. 60, Tyvaneset vert regulert med skilt nr. 100 "Farleg sving" med underskilt nr. 812 "Anbefalt fart", på høgre side av vegen i begge retningar, heiter det av vedtaket frå Statens vegvesen, sendt Stryn kommune.

Farleg sving Stavenestunellen får ny skilting Foto: Kart: Stryn kommune

Det same gjeld altså Fv. 60, Staveneset. Det har vore fleire trafikkuhell i desse tronge tunellane i sommar.

I tråd med "Forskrift om offentlig trafikkskilt" er det ikkje krav til å sende denne typen skiltsak på høyring. Vedtaket trer i kraft frå den dato skilta er sett opp og avdekka.