Stryn sine lag i Gothia cup spelte tysdag nye kampar i innleiande runde.  I går vann tre av fire strynelag sine kampar i det som er ei av verdas største fotballturneringar.

Stryn gutar 13 står med to strake sigrar etter 1-0 over tyske Tus Haltern am See, og Martin Sætre sette inn Stryn sitt mål i dagens kamp. Det betyr at laget spelar om gruppesigeren når dei onsdag møter skotske Hutchison Vale.

Stryn gutar 14 møtte det malaysiske laget Zaba FC, og det skulle vise seg å bli ein jamn kamp. Då dommaren bles av kampen stod det 0-1 til laget frå Malaysia, men dei måtte jobbe hardt for sigeren.

- Tøffe tak, det var aggressive, men gode spelarar vi møtte, fortel trenar Per Ole Tenden.

Då gjekk det betre med Stryn sine 14-årsjenter, som hadde få problem med å setje Scandia United frå USA på plass. 4-0 stod det ved full tid etter scoringar av Emma Njøten, Karoline Flo, Odina Ullebø Hool og Alida Bruland. Dermed har laget vunne begge sine kampar så langt.

I morgon møter jentene Viggbyholm/Erikslund frå Sverige, og denne kampen (avspark kl. 11.50) blir streama på Gothia cup si heimeside.

Stryn sitt 15-årslag for jenter møtte Falköpings KIK i sin andre gruppespelskamp, og nok ein gong såg det ut til at strynejentene måtte bite i det sure eplet. Svenskane leia 2-0 fem minutt før slutt, men ein skikkeleg sluttspurt og scoringar av Nora Romsøe og Tuva Fredheim sørga for uavgjort 2-2.

Onsdag blir det avgjort om det blir A- eller B-sluttspel på strynelaga.