Etter dagens kampar er det klart at Stryn har tre lag vidare til A-sluttspelet i Gothia cup i Göteborg.

Sjølv om gutar 13 tapte gruppefinalen 1-2 mot skotske Hutchison Vale er laget vidare til utslagsrunden. Sander Misund Haugen sette inn Stryn sitt mål. I morgon tidleg står CA Intercups frå Mexico på andre banehalvdelen i 32-delsfinalen.

Gutar 14 vann sin kamp mot Älmhults IF 1 frå Sverige 2-0 etter scoringar av Sondre Erdal og Kristoffer Stranden, og møter tyske Walddörfer SV i 64-delsfinalen seinare i dag.

Jenter 14 vann med dagens siger over Viggbyholm/Erikslund frå Sverige si pulje, og møter vinnaren av Hittarps (Sverige) og FC Kuusysi 1 (Finland) i 16-delsfinalen på torsdag. Denne kampen blir streama på Gothia cup si heimeside.

Jenter 15 spelte mot Kallhälls FF frå Sverige i ettermiddag. Resultatet vart 2-0 til svenskane. Stryn spelar dermed B-sluttspel og møter IFK Trelleborg frå Sverige i 32-delsfinalen torsdag.