Det har torsdag gått eit steinras på fv. 664, om lag ein kilometer frå Otterdal i Hornindal. Steinane har gitt autovernet ein solid trøkk, og det ligg steinar på begge sider av vegbana. Vegen er rydda, og det er passasje forbi rasstaden.

Vegmeldingssentralen skal ha blitt varsla om raset i ettermiddag.

Det ligg store steinar på begge sider av vegbana. Foto: Thomas Thaule