Helge Hafsås frå Olden vann årets utgåve av Hornindalsvatnet Maraton som gjekk i strålande sol.

Med sluttida 2.55.26 sette oldaren ny årsbeste, og han var godt 14 minutt føre nummer to, honndølen Rasmus Gausemel.

Hafsås sprang i einsam majestet frå start til mål, og sjølv om han ikkje var særleg optimistisk før start var han nøgd med årsbeste.

Dameklassa vart vunnen av Kari-Anne Tryggestad Ryste frå Sunnylven med tida 3.40.46.

I halvmaraton for damer gjekk Ester Innselset frå Hamar til topps med tida 1.31.31. Herreklassen vart vunnen av Magnus Alsaker frå Ranheim med sluttida 1.20.55.

Elles sette Erik Skrede frå Førde ny løyperekord på 10 kilometer. Den nye rekorden er på 36.32. ein sterk prestasjon av 17-åringen som sprang for første gong i Hornindal. På 10 kilometer for damer gjekk Kristine Vartdal frå Jessheim av med sigeren.

Både Geir Jensen (54) og Signy Henden Rustlie (79) jubilerte med maraton nummer 100.

- Kjekt å runde 100 maraton så å seie på heimebane, sa ein dyktig sliten 79-åring ved målgang.

- Eg sleit med krampe på siste runden, men i mål skulle eg, seier Henden Rustlie. Ho har ingen planar om å gje seg, og om ein månad står ny maraton for tur i Reykjavik.

Inge Asbjørn Haugen frå Hornindal fullførte sitt maraton nummer 548.

Ståle Hatlelid i arrangørstaben hadde godt 180 påmelde fordelt på maraton, halvmaraton, 10 kilometer og minimaraton.

- Det er ny deltakarrekord, noko som vi er veldig godt nøgde med, seier Hatlelid.

Du kan lese meir om arrangementet i tysdagsavisa.

Inge Asbjørn Haugen fullførte sitt maraton nummer 548, medan Signy Henden Rustlie, opphavleg frå Hennebygda, runda 100 maraton. Foto: Thomas Thaule