Butikknamnet Studio Hilde fortel ikkje om alt det spennandevareblandinga i butikkhyllene innafor døra.

- Vi rotar no med littav kvart, ler Grete Hilde. Så fortel butikkeigaren at ho har størstfokus på garn og blomar men vil ha litt av kvart bygdebutikken sin.

- Folk frå både Innvik og Utvik er flinke til å bruke butikken,seier ho. Det er jo alltid ein barnebursdag eller andre merkedagar derein treng ei gåve, og garn er ei vare som folk støtt etterspør.

God blanding

Etter ei runde kring om i lokala, må ein beundreinnehavaren for alt det ho har fått plass til i butikkhyllene sine.Ein finn leiker, bøker, smykke, lys, helsingskort, pynteting ogmykje meir. Det er ei spennande reise å besøkje Studio Hilde. Detbeste er å rekne seg god tid innafor denne døra. Og utanfor kan einsommarstid handle bær med Wenche Bruland som har fast salsstad vedbutikken.

Damene i nabolaget ofte sit kring bordet med kaffi og einprat.

Kan mykje

Grete Hilde har lært seg faget for kransebinding ogå setje saman fine bukettar. Når vi er innom har ho nett kome fråferie og beklagar at blomeutvalet ikkje er stort. Men det seier hovil ordne seg før Utvikdagane som er neste helg. Grete strikkarmykje og har sansen for godt garn.

- Eg har valt å satse påRaumagarn som har varer for alle typar handarbeid. Det går mykjealpakkagarn for tida, fortel ho. Butikken ber preg av innehavarensitt arbeid. Eit utval handlaga produkt lokkar inst i lokalet. Einfinn også ferdige garn- og mønsterpakkar for dei som sjølv vilstrikke den nye fylkesvotten. I butikken finn ein også vevdeløparar. Tidlegare var eigaren ivrig bak veven.

- Eg laga tepper,løparar, bunadsforkle og veggtepper, fortel Grete. Menskulderplagar sette stopp for denne aktiviteten.

- Men eg har ikkjekasta veven, ler ho med optimisme i latteren.

Pensjonist

- Eg kunneha vore pensjonist, men det er kjedeleg å ikkje jobbe. Grete Hildelikar å vere i aktivitet og køyrer dagleg frå Sandane der ho burmed veterinærmann Anders som opprinneleg er frå Innvik. Dei var femdamer som starta butikken, men alle trekte seg etterkvart.

ForGrete var valet enkelt – ho ville halde fram åleine. Og så lengefolket brukar butikken, vil ho halde fram med å drive krambua.

Treng du helsingskort, lys eller pynt. Du finn det kan hende hos Studio Hilde. Foto: Anne-Mari Aalberg
Grete Hilde satsar på garn og strikkar sjølv. Her med eigenproduserte vottar som ho har for sal. Foto: Anne-Mari Aalberg