Storelva og fleire andre mindre elvar i Utvik har gått over sine breidder og delar av Utvik sentrum står under vatn. Situasjonen er dramatisk.

Politiet og Stryn kommune jobbar med å evakuere folk, og i følgje Fjordingen sin reportar på staden, Roy Aron Myklebust er folk evakuerte både til Misjonsheimen i Innvik og til Kafe Sjøatunet.

- Vatnet fløymer overalt. Store mengder material og utstyr blant anna frå Utvik Bygg er blitt tekne av dei frådande vassmassene. Fleire hus og bygningar står midt i det som ser ut som ein stor, brei elv. Halve vegbana ovanfor Utvik sentrum framstår som eit einaste krater etter vatnet sine herjingar, fortel Myklebust. Vegen er fullstendig rasert, og det vil gå lang tid før fv 60 kan bli opna att for trafikk.

Også på Tistam skal fleire folk vere evakuerte.

Dei store nedbørsmengdene kombinert med kraftig torever natt til måndag har og ført til flaum fleire andre stader, blant anna i Oldedalen og på Nordsida. Men det ser ut til at Utvik har fått dei absolutt største skadene. Straumen er vekk mange stader, også i Hornindal.

Fv 60 ovanfor Utvik sentrum er fullstendig ramponert som følgje av dei frådande vassmassene. Foto: Roy Aron Myklebust
Vatnet flaumar over store delar av Utvik. Foto: Roy Aron Myklebust