Blant søkjarane til høgare utdanning er det i år fjorten prosentfleire som har landbruksfag som første valet sitt samanlikna med ifjor, syner tal frå Samordna opptak. Samordna opptak la førre veke framtal for hovudopptaket ved høgare utdanning i 2017.

I talmaterialetkjem det fram at 460 studentar har landbruksfag som første val.

–Dette er gode tal. Det er tydeleg at ungdommen trur på ei framtid ilandbruket. Konkurranse om studieplassane gir godt motivertestudentar, og det vil gi studiane meir prestisje. Det bør føre tilgode resultat, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale i einyheitssak på nettsida til Landbruks- og matdepartementet.

VedNorges miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) har det vore einauke på til saman 21 prosent i talet på førstevalssøkjarar tillandbruksfaga, der husdyrvitskap åleine har ein auke på 60 prosent.Ved Nord Universitet er det ein auke på til saman 18 prosent italet på førstevalsøkjarar. Ved Høgskolen i Innlandet har taletauka med om lag fem prosent. Ved Høgskolen i Innlandet kjem itillegg eit årsstudie i økologiske landbruk som er lagt opp som eitsamlings- og nettbasert studie på deltid. Det har òg vore høgesøkjartal til dette studiet.

– Eg er glad for interessa forlandbruksfaga i høgare utdanning aukar. Dette stemmer også med denpositive utviklinga vi har sett i den vidaregåande skulen. Vi trengutdanning på alle nivå innan landbrukssektoren for å møte deiutfordringane vi står overfor og nytte dei moglegheitene som ligg ilandbrukssektoren, seier landbruks- og matminister Dale.

(©NPK)