Politiet melde tysdag ettermiddag om at ein bil hadde køyrt i fjellveggen inne i Kjøshammartunnelen. To personar i 80-åra var involvert i ulukka.

- Nødetatane kom raskt på staden. Dei skadde var bevisste og vart køyrt til sjukehuset i Volda for sjekk, opplyser politiet.

Politiet på staden seier at bilen, som køyrde i retning Grodås, traff fjellveggen om lag midt inne i tunnelen.

Vegen opna for trafikk klokka 17.15 i ettermiddag. Det var då lange løar på begge sider av tunnelen.

Det var lange køar på begge sider av tunnelen då vegen opna klokka 17.15. Foto: Thomas Thaule
Foto: Thomas Thaule