Politiet melde tysdag ettermiddag om at ein bil hadde køyrt i fjellveggen inne i Kjøshammartunnelen. To personar i 80-åra var involverte i ulukka.

- Nødetatane kom raskt på staden. Dei skadde var bevisste og vart køyrde til sjukehuset i Volda for sjekk, opplyser politiet.

Politiet på staden seier at bilen, som køyrde i retning Grodås, traff fjellveggen om lag midt inne i tunnelen.

Vegen opna for trafikk klokka 17.15 i ettermiddag. Det var då lange køar på begge sider av tunnelen.

Det opparbeidde seg lange køar på begge sider av tunnelen. Foto: Thomas Thaule
Foto: Thomas Thaule