- Framleis er det rundt hundre abonnentar i Stryn kommune som er utan straum. Det seier nettsjef i Stryn Energi, Hans Ørjasæter, til Fjordingen tysdag føremiddag.

- Rundt 80 av desse abonnentane er i Utvik, medan dei øvrige fordeler seg på Grønevik i Stryn sentrum, Markane og Nordsida. Desse vil få att straumen i løpet av dagen, i følgje Ørjasæter.

- I Utvik har vi mista ein heil nettstasjon som stod ved Utvik Bygg, og hovudforsyninga av straum til sentrum er vekke. Vi har folk og utstyr på plass for å utbetre skadane, seier Ørjasæter vidare. Han håpar dei fleste i Utvik kan få straum i løpet av tysdag.

Han opplyser om at arbeidet går bra trass skadeomfanget.

- Det har vore utfordrande, men vi har fått godt overblikk på situasjonen.

Abonnentane i Oldedalen fekk att straumen klokka 04 i natt.