Fleire av dei Fjordingen snakka med kunne fortelle om dramatiske hendingar då ein container drog med seg brua og autovernet ved storelva i sentrum av bygda. Det ligg enorme mengder med skog, materiell og plast rundt omkring som elva har dratt med seg. Folk blir advara mot å ferdast på fjorden utanfor på grunn av store mengder skrot i sjøen.

Sommardagane er avlyst

"Sommardagane 2017 går desverre ut. Reknar med alle har forståing for dette etter den tragiske flommen i bygda i går. Heile bygda er råka, men sjølvsagt mest dei som fekk eigedomane sine øydelagde. Godt at ingen menneske gjekk tapt eller vart skada. Oppryddinga tek nok tid, men vi er viss på at Sommardagane er tilbake i framtida", skriv Sommardagane i Utvik på si facebookside.

Fleire bilar vart tatt av flommen Foto: Hans Ivar Moss Kolseth
Fleire gravemaskiner og mannskap er i gang med å rydde opp Foto: Hans Ivar Moss Kolseth
Fjorden er full av materiell, plast og skog som elva har dratt med seg Foto: Hans Ivar Moss Kolseth