Politiet hadde onsdag fartskontroll i Oldedalen.

- Vi har fått fleire rapportar om høg fart i området, og då særleg blant turistbussar og bilturistar, seier lensmannsbetjent Eirik Krossen ved Stryn og Hornindal lensmannskontor.

- I laserkontrollen onsdag vart ein fullasta, norskregistrert buss som skulle rekke ei ferje, målt til 83 km/t, noko som førte til at sjåføren fekk eit førelegg på 8.300 kroner, fortel Krossen.

Politiet målte også ein utanlandsk turist til 93 km/t i 60-sona. Sjåføren får køyreforbod i Norge.